TIX er klar for Eurovision-finalen

Seint i går kveld vart det klart at TIX greidde å kvalifisera seg til finalen av Eurovision Song Contest. Hovudpersonen sjølv seier at det var ein stor augneblink å stå på verdas største scene.

16 land skulle bli 10 i den første semifinalen av Eurovision, som gjekk av stabelen i går kveld. Både Noreg og Sverige deltok, og begge land greidde å ta seg vidare til den store finalen, skriv NRK.

TIX var svært lukkeleg for at reisa hans ikkje stoppa i semifinalen.

– Det er det største eg har opplevd nokon gong. Ferdig. Punktum, sa han til NRK etter å ha gått vidare.

Med glimt i auga, la han til:

– Me har klart det. Eg veit at denne låta betyr mykje for så mange. Det er ganske bra til å vera terningkast ein, er det ikkje? No har eg eigentleg vunne.

Her kan du sjå framføringa hans i semifinalen: 

Sikra finalebilletten til tross for terningkast 1

Det var nemleg mykje rabalder rundt han og låta hans, då det var klart at han skulle delta i Melodi Grand Prix tidlegare i år.

Mellom anna måtte Dagbladet-journalist Anders Grønneberg eta pannebandet hans på direktesendt tv, etter at han hadde skrive negativt om artisten og låta.

Laurdag er det klart for den store finalen – og TIX skal opptre for 200 millionar TV-sjåarar i verdas største musikkkonkurranse.

Les også: Eurovision-musikkvideoen til TIX engasjerer