Små levande skapningar på elvebotnen pustar ut CO2 som etter kvart blir sleppte ut i atmosfæren, skriv Ung.Forskning.no. Fram til nyleg har forskarar tatt det for gitt at innhaldet av CO2, eller karbondioksid, held seg stabilt gjennom heile døgnet.
Men der har dei tatt feil.
Det dei ikkje visste, er at utsleppa er størst i nattas mulm og mørke.
Kvifor slepp elvane ut CO2?
Det som skjer, er at når det regnar, blir det skylt gjørme og smågrus ned i elvane. Dette inneheld såkalla organisk materiale, som enkelt fortalt er restar etter plantar og dyr. Desse restane blir etne av små levande skapningar på elvebunnen. Dei er så små at du berre kan sjå dei i eit mikroskop og heiter derfor mikroorganismar.
Mange av dei et og pustar på same måte som oss menneske. Det vil seia at dei forbrenn plante- og dyrerester, pustar oksygen inn og karbondioksid ut.
Karbondioksidet som dei pustar ut, stig dermed opp frå elvane og ut i atmosfæren.
Kvifor meir CO2 om natta?
Appetitten til mikroorganismane lagar altså meir karbondioksid i vatnet og i lufta. Men dei blir motarbeidd av plantar og algar i bekker og elvar som syg til seg karbondioksid og lagar oksygen.
Denne prosessen skjer mest på dagtid, for om natta tar plantane seg ein velfortent pause. Derfor er det meir karbondioksid i vatnet om natta, meiner forskarane.