– Me skulle gjerne likt å feira 17. mai som vanleg, men det blir nok ikkje mogleg i år heller. Derfor lagar me eit digitalt 17. mai-tog der me kan samlast og feira, utan å tenkja på avstand, antal nærkontaktar og smittevern. Me har plass til alle som har lyst å vera med, seier Tarjei Mo Batalden (22) i skogliv.no.
Skogliv er Noregs største Minecraft-server, der alle kan koma inn for å byggja, utforska og spela. Sidan oppstarten i 2018 har dei hatt om lag 30.000 besøkande, og har slik vore ein naturleg samlingsplass for mange born og unge.
– Me har nokre tusen besøkande kvar veke. Det eit aktivt samfunn, seier Tarjei.
Les også: Kronprinsfamilien stiller i det digitale 17. mai-toget
Spennande endringar i år
– Det var ein kjempesuksess i fjor. Det var så kjekt å sjå at alle hadde det bra, sjølv om 17.mai-feiringa ikkje vart som normalt, seier Tarjei.
Det blir ei kunstig løype med kjende element frå heile Noreg, og ei Oslo-løype som er heilt reell. Sistnemnde er altså bygd heilt likt som det ser ut i røynda. Tarjei seier løypa frå Oslo er spesielt imponerande.
Vil visa det fram til så mange som mogleg
– Me har brukt det siste året på å byggja heile Oslo sentrum saman med RevenJoakim. Det skal vera mogleg å starta på Jernbanetorget, gå opp heile Karl Johan og svinga ned for å sjå Rådhuset og Operaen, seier han og legg til:
– Det er eit så imponerande byggverk at me gjerne vil visa det fram til så mange som mogleg.
Det vil vera mogleg å logga inn med både PC, telefon og nettbret.
– Me kjem til å pynta med norske flagg, og gjenta suksessen frå i fjor der alle fekk eit flagg å halda i handa. Flagget blir ikkje heilt rett, men så godt som me får det.
No håpar han på endå fleire deltakarar enn dei hadde i fjor.