– Vi må håpa at noko er redda for verdshistoria

Førre veke ramma ein storbrann universitetet i Cape Town i Sør-Afrika.

Mykje historisk materiale gjekk tapt i storbrannen ved Universitetet. Mellom anna gjekk kontinentets største filmsamling og 80.000 bøker opp i røyk. Rundt 3500 filmar er øydelagte, og 1000 av dei finst det truleg ikkje kopiar av.

Berre dei aller mest verdifulle dokumenta og bøkene vart tatt vare på brannsikkert i kjellaren og er uskadd.

– Vi må håpa at noko er redda for verdshistoria, seier Ujala Satgoor som er bibliotekdirektør ved Universitetet i Cape Town til NRK.