Berre 65 kvinner har vore i verdsrommet, og no er 27 år gamle Nora Al Matrooshi på veg til å bli den 66.
– Al Matrooshi vart som ein av 4000 kandidatar, plukka ut til å vera ein del av Dei sameina arabiske emirata sitt romprogram, sa Sheikh Mohammed bin Rashid Al Maktoum, herskaren i Dubai og statsministeren i landet, på Twitter.
Al Matrooshi vil saman med Mohammad Al Mulla, som også vart valt ut, reisa til Texas for å gjennomgå opplæring ved NASAs Johnson Space Center.
Verdsrommet har vore Al Matrooshis sin lidenskap heilt sidan ho var lita. 27-åringen, som har ein bachelorgrad i maskinteknikk, jobbar for tida ved UAEs National Petroleum Construction Company.
Space was her passion since childhood… Nora AlMatrooshi, the new member of the UAE Astronaut Programme.#UAEAstronauts #UAEAstronautProgramme@Astronaut_Nora @TheUAETRA pic.twitter.com/TEW5uip0EK
— MBR Space Centre (@MBRSpaceCentre) April 10, 2021
Store mål for framtida
– Nasjonen gav meg eit ugløymeleg augeblink i dag. Eg tek sikte på å jobba mot historiske opplevingar, som vil bli hugsa av folket mitt, sa ho på Twitter.
I februar vart Dei sameinte arabiske emirata det første arabiske landet og det femte i verda som nådde Mars. Dei har også laga seg store mål for åra som kjem – månelanding i 2024 og menneskeleg busetjing på Mars innan 2117.