Forskarane trur at ein kombinasjon av eksisterande medisinar kan gjera folk friske att, skriv forskning.no.
– Medisinane kan hindra dødsfall og utvikling av alvorleg koronasjukdom, seier dei to professorane Denis Kainov og Magnar Bjørås.
Kan ha mykje å seia
Viss studiane går bra, trur forskarane at det kjem til å ha mykje å seia.
– Det vil ha mykje å seia for Noreg, men kanskje enno meir for andre land som slit meir med alvorleg koronaskukdom og død, seier Bjørås til NRK.
Kortare tid på sjukehus, redusert risiko for å få problemar etter å ha blitt smitta av koronaviruset og lågare smitte, er blant resultata eit gjennombrot kan gi.