Visste du at luciasongen finst på nynorsk?

Me har snakka med Emeli (12), David (12), Aron (12) og Sondre (12) om den nynorske versjonen av luciasongen. Dei kjem alle frå Skånevik i Etne kommune, same kommune som Ingvar Moe som har gjendikta songen på nynorsk.

Nedst i saka finn du luciasongen på nynorsk.

Emeli Moe Nonaj (12)

FOTO: Janne Nerheim

Visste du at det finst ein luciasong på nynorsk?

– Ja, det veit eg!

Kan du den?

– Ja, eg kan begge versjonane, både den på nynorsk og den på bokmål.

Veit du at det er Ingvar Moe frå Etne som har gjendikta den?

– Nei, det visste eg ikkje.

David Matre Pedersen (12)

FOTO: Janne Nerheim

Visste du at det finst ein luciasong på nynorsk?

– Nei, det visste eg ikkje.

Kan du den?

– Nei, den kan eg faktisk ikkje.

Veit du at det er Ingvar Moe frå Etne som har gjendikta songen?

– Nei. Eg har ikkje lært om han på skulen heller, for då gjekk eg på skule på Stord.

Aron Vika Thomassen (12)

FOTO: Janne Nerheim

Visste du at det finst ein lusiasong på nynorsk?

– Nei, eg trudde det berre var ein versjon, altså den på bokmål.

Kan du den?

– Den kan eg ikkje. Men eg kan den på bokmål.

Veit du at det er Ingvar Moe frå Etne som har gjendikta songen?

– Kjenner til kven Ingvar Moe var, men visste ikkje det var han som gjendikta songen.

Sondre Svendsen Taraldsøy (12)

FOTO: Janne Nerheim

Visste du at det finst ein luciasong på nynorsk?

– Nei, det visste eg ikkje.

Kan du den?

– Nei, den songen kan eg ikkje.

Veit du at det er Ingvar Moe frå Etne som har gjendikta songen?

– Nei, det visste eg heller ikkje. Men eg veit kven Ingvar Moe var.

 

Her er den nynorske luciasongen:

Santa Lucia

Natta har svart og stor

gøymt stall og stover.

Sola har gått sin veg.

Dagen er over.

Inn i vårt mørke hus,

stig no med kveikte lys,

Santa Lucia, Santa Lucia.

 

Natta er mørk og stum.

Med eitt det susar

i alle stille rom

som venger brusar.

Sjå på vår terskel står,

kvitkledd med lys i hår,

Santa Lucia, Santa Lucia.

 

«Mørkret skal fara snart

frå fjell og dalar.»

Slik ho eit underfullt

ord til oss talar.

Dagen skal atter ny

stiga av raude sky.

Santa Lucia, Santa Lucia.

(Gjendikta av Ingvar Moe)