«5 om dagen» betyr rett og slett at ein bør fargelegge maten med frukt, bær og grønsaker. Det er for å forebygge mot sjukdomar. Du har kanskje høyrt om kreft, hjarte- og karsjudomar, høgt blodtrykk, overvekt og diabetes? Frukt og grønsaker inneheld mykje av det som er forebygande.
Det er heldigvis ikkje normalt at barn får alle desse sjukdomane, men det er lurt å starte tidleg med å få i seg nok av dette.
Fem porsjonar bør til saman vege rundt 500 gram. Halvparten bør vere frukt og bær, og halvparten vere grønsaker.
Eit godt tips er å ete opp frukta du får på skulen.
(Kjelde: Opplysningskontoret for frukt og grønt)