Kastar du frukt og grønsaker?

I Sverige har dei funne kva frukt og grønsaker vi kastar mest av. Forskarane meiner det kan hjelpe oss å kaste mindre mat.

Sju sortar står for omlag halvparten at alt som vert kasta, skriv Forskning.no. Tre forskarar frå Karlstads Universitet i Sverige har sett på matsvinnet i frukt- og grøntavdelingane i tre store dagligvarebutikkar. Dette er produkta som vert kasta mest av:
  • Banan
  • Eple
  • Tomat
  • Salat
  • Paprika
  • Pære
  • Druer

Kva tenkjer du om dette? Send di meining til tips@framtida.no!