Det viste seg at dei to grisane og dei to hundane som var med i undersøkinga, meistra oppgåva og fekk til langt meir enn at det berre kunne vera tilfeldig, skriv Forskning.no.
Kvar gong dei gjorde rett, fikk dei ein godbit.
– Det er veldig klart at grisane hadde ein viss forståing av kva dei vart spurt om å gjera, seier Candace Croney til Gizmodo. Ho er hovudforfattar i studien.
Forstod samanhengen
Lori Marino, som jobbar som Nevrobiolog (forskar på hjernen) er einig med Croney.
– Dei forstod heilt klart samanhengen mellom eiga åtferd, joysticken og det som skjedde på skjermen, seier ho.