Saka var først publisert i Framtida.
– Eg hadde nettopp blitt pappa då eg fekk telefon om å prøvespele for rolla som prinsen. Eg har hatt skikkeleg adrenalinkick sidan då, og no er vi endeleg i gang med denne vakre storfilmen.
Det fortel Cengiz Al i ei pressemelding frå Nordisk Filmdistribusjon.
– Det følest som ei draumerolle!
Filmromanse med Astrid S
Skodespelaren er kjend for mange gjennom NRK-serien SKAM. No skal han spele mot popikonet Astrid Smeplass i nyinnspelinga av den folkekjære juleklassikaren «Tre nøtter til Askepott» frå 1973.
«Prinsen» har sjølv delt nyhenda med følgjarane sine på Instagram:
Se dette innlegget på Instagram
På hesteryggen
Filmen blir i desse dagar spelt inn i den norske fjellheimen, og skal etter planen kome på kino i november.
– Cengiz er ein ekte prins, både som ein fantastisk skodespelar, og som strålande menneske. Sjølv hestane våre er forelska i Cengiz, uttalar regissør Cecilie Mosli i pressemeldinga.
– Eg var eigentleg livredd for hestar, men no ELSKAR eg å galoppere, seier Cengiz.
Les også: Astrid S har hovudrolla i juleklassikar