Astrid S har hovudrolla i juleklassikar

Astrid Smeplass er Askepott i ei norsk nytolking av tsjekkiske «Tri orísky pro Popelku» frå 1973.

– Eg trudde først det var ein feil då eg blei kontakta, men etter fleire rundar med auditionar og samtalar med vår fantastiske regissør Cecilie Mosli, blei eg spurd om eg ville gjere rolla som Askepott. Då blei eg mildt sagt glad.

Det seier Astrid Smeplass (24) i ei pressemelding frå Nordisk Filmdistribusjon.

Saka var først publisert i Framtida.

800.000 årlege sjåarar

Storfilmen «Tre nøtter til Askepott» har eit budsjett på 38 millionar og er ei nytolking av den tsjekkiske klassikaren frå 1973.

Filmen vert produsert av Storm Film, som står bak spelefilmane om Kaptein Sabeltann og Julekongen.

Kvart år ser 800.000 nordmenn den tsjekkiske filmen på NRK 1, som er stemmelagt av Knut Risan. Filmen vart vist for første gong i Noreg i 1975, og har vorte vist årleg sidan 1996. I 2015 var filmen restaurert med støtte frå mellom anna Nasjonalbiblioteket, ifølgje NRKBeta.

Regissør: – Astrid er eit funn

Den nye filmen skal vera premiereklar til november i år, og Astrid S delte i dag eit bilete frå første innspelingsdag.

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av Astrid_S (@astridsofficial)

I pressemeldinga er både produsent og regissør full av lovord om hovudrolleinnehavar Astrid Smeplass.

– Astrid er eit funn for meg som Askepott. Ho er tøff og modig, men har i tillegg ein sensitivitet og nærvær som er heilt unik. Eg er så stolt over å presentera ho som heltinna i vår historie! seier regissør Mosli i pressemeldinga.

Likte du denne saka? Her kan du lesa liknande saker frå Framtida.