«Etter å ha vore 10 år i Downing Street nummer 10, vart eg spurt om planane mine for framtida. La meg vera tydeleg – denne katten kjem ikkje til å pensjonera seg. Eg planlegg allereie 20-års-jubileet mitt» skriv Larry the Cat på Twitter-kontoen sin.
Sidan 2011 er han blitt fast inventar i statsministerbustaden i Storbritannia. Der har han halde både David Cameron, Theresa May og Boris Johnson med selskap, skriv BBC.
Sidan Larry er offentleg tilsett i Downing Street, er han ikkje eigd av statsministeren. Larry treng derfor ikkje å forlata bustaden ved regjeringsskifte.
The key thing to remember is that I live here permanently, the politicians just lodge with me for a bit until they’re fired. They all work out sooner or later that it’s me that runs the place… #Larryversary pic.twitter.com/5QJhZrrE5D
— Larry the Cat (@Number10cat) February 15, 2021
Chief Mouser to the Cabinet Office
Faktisk er det slik at Larry også har ein offisiell tittel – Chief Mouser to the Cabinet Office, noko som kan omsetjast til sjefsmusejegaren til kabinettkontoret.
Ifølgje nettstaden til Downing Street, brukar Larry dagane til mellom anna å helsa på gjester og testa ut kva av dei antikke møblane som er best å sova på.
Skikken med at det bur ein katt i statsministerbustaden, har eksistert sidan Henrik den 8. levde på 1500-talet.
Før han fekk seg jobb i Downing Street 10 var Larry heimlaus, og han vart rekruttert til stillinga si frå Battersea Dogs & Cats Home.
How it started How it’s going#Larryversary
(Pic @JeffOvers) pic.twitter.com/bhcPUDsgpX— Larry the Cat (@Number10cat) February 15, 2021