Kva er håpet ditt for 2021?
– Eg håpar på modig samarbeid og klimahandling. Eg håpar at fleire og fleire ser samanhengen mellom naturmangfaldskrisa, klimakrisa, helse, menneskerettar og solidaritetskrisa me står i. For alt dette er så tett knytt saman.
– Eg håpar også at årets klimatoppmøte vil overraska oss positivt.
Korleis vil du bidra til at dette målet blir nådd?
– Eg vil halda fram med å bruka stemma mi og me kan alle hjelpa kvarandre ved å setja fokus på klima og miljøspørsmål både i den offentlege og i den private samtalen. Saman kan me gjera at rett kunnskap når flest mogleg.
Denne veka har vi håp som tema i Framtida Junior! Kva dag kan du lese om ulike menneske sitt håp for år 2021.