I Buenos Aires har aktivistar tatt til gatene, der dei har gått rundt med med grøne kleshengarar som symboliserer ulovleg abort. No er dei blitt høyrt.
– Dette er ein stor siger for menneskerettane i Argentina, og for kvinner, jenter og andre som kan bli gravide, og som til no har risikert liv og helse for å få gjennomført ein abort, skriv Amnesty International.
Lovendringa gir kvinner og jenter retten til sjølvbestemd abort fram til svangerskapsveke 14. Dei inkluderer også ei rekkje andre avgjerder som gir kvinner rett til å bestemma over eige liv og eiga helse.
Ulovleg og utrygt
Tidlegare har Argentina hatt ein av verdas strengaste abortlover.
Det har ført til at fleire kvinner og jenter har blitt tvinga til å utføra abortar i det skjulte, både utrygt og ulovleg.