Mange barn vil ikkje klara å ta att det dei no mistar, skriv VG. Over 100 000 coronasmitta britar er døde, og dei fleste skular er stengde. Styresmaktene håper å opna skulane att etter påske.
Det betyr at barna må streva med heimeundervisning i lang tid enno.
4 millionar fattige born
Nærare ein tredel av barna i Storbritannia lever i fattigdom.
Det er over 4 millionar barn. Mange av desse barna slit med elendige kår for heimeundervisning, utan PC, pult og arbeidsro.