Sidan 1995 har 180 millionar fleire jenter starta på grunnskulen. Utviklinga har vore størst i Afrika sør for Sahara, men også i Sentral-Asia og India. Undersøkingar viser at inntekta til ei jente stig med 11 prosent for kvart år ho fullfører i skulen, i forhold til jenter utan utdanning.
Utdanna jenter blir òg gift og får barn seinare – og får færre barn enn kvinner utan utdanning, skriv Verdens Beste Nyheter.
Framleis mange att
Sjølv om ni av ti jenter globalt sett gjennomfører grunnskulen, fullfører berre tre av fire jenter sjuande til tiande klasse.
Omkring fem millionar færre jenter enn gutar byrjar på skulen verda over. Resultatet er at ei av ti jenter mellom 15–24 år ikkje kan lesa eller skriva.