Ramnar var like smarte som aper i stor test

Ramnar er temmeleg smarte. No har dei imponert forskarane ved å løyse ei rekkje oppgåver.

Forsking har vist at ramnar kan planlegga framover i tid, gjera bytehandlar med menneske og bruka reiskap, skriv Ung.Forskning.no.

Ramnane lever sosiale liv. Dei vel seg ein kjærast for livet. I tillegg er dei med i grupper saman med andre ravner der nokon har høgare status enn andre. Dei kan hugsa kvar dei har sett andre ramnar gøyma mat. Dei stel og prøver nokon gonger å lura kvarandre.

Det er kanskje ikkje så rart at ramnar gjer det bra på intelligens-testar?

Forskarar har no målt korleis åtte ravner gjorde det på 33 ulike testar. Alle testane vart gjort når ramnane var fire, åtte, 12 og 16 månader gamle. Forskarane testa mellom anna kor flinke fuglane var til å kommunisera med trenaren, kor gode dei var til å forstå mengder og tal, og til å skjønna samanhengar – som til dømes at ein tom kopp ikkje lagar lyd når den blir rista.

Omtrent like flinke som sjimpansar

Testane ravnene fekk, er eigentleg laga for aper. Men forskarane gjorde tilpassa dei til ramnar, som jo ikkje har hender.

Det gjorde at forskarane kunne samanlikna aper og ravnar. Ramnane gjorde det omtrent like bra som sjimpansar og orangutangar. Dette er nokon av dei smartaste pattedyra. På enkelte av oppgåvene var fuglane likevel litt dårlegare. Det var oppgåver som handla om stad – slik som å finna godbiten under koppen når koppane vart stokka om på.

Ramnane klarte oppgåvene like bra då dei var fire månader som når dei vart eldre. Altså utviklar dei intelligensen sin tidleg. Fuglar har ein hjerne som ser annleis ut enn hjernen til pattedyr. Men dei har massevis av hjerneceller likevel. Nokre fuglar har omtrent like mange hjerneceller som aper.