Forskarar har oppdaga ny dinosaur

Dinosauren som såg ut som ein kylling, hadde 50 centimeter lange spyd-liknande utvekster på skuldrane.

– Det var mange rare dinosaurar, men denne er heilt annleis enn alle andre, seier David Martill i ei sak hjå The Guardian.

Han leda studiet av den uvanlege dinosauren, og jobbar ved universitetet i Portsmouth i England.

«Spydets herre»

Dinosauren som er funne, levde for omlag 110 millionar år sidan langs kysten av Brasil. Forskarar har funne ut at dinosauren, som hadde to bein, truleg jakta på insekt og små virveldyr.

Forskarane har gitt dinosauren namnet «Ubirajara jubatus», som på norsk betyr «Spydets herre».

Grunnen for namnet er dei lange utvekstane den hadde på skuldrane. Utvekstane var 50 centimeter lange, og var laga av kreatin. Kreatin er eit protein som me menneske har i håret og neglene våre.

Unormale fjør

I tillegg til spyda, seier forskarane at dinosauren hadde masse fjør langsetter ryggen. Det er unormalt.

– Dette er den aller første fjørkledde dinosauren som er funne i den delen av verda. Funn av slike dinosaurar er først og fremst gjort i Tyskland og i Kina, seier palentolog Lene Liebe Delsett til NRK.

Ein palentolog er ein forskar som studerer fossilar og bergartar.