Scott Morrison som er statsministaren i Australia, har informert om at den australske nasjonalsongen vil bli endra.
Grunnen til endringa, er for å visa respekt for grupper som levde i landet før europearane kom, skriv News for kids.
Lita endring
Nasjonalsongen til Australia, som heiter «Advance Australia Fair», vart skriven i 1887.
Den nye endringa i nasjonalsongen er ein liten ein – berre eitt ord er endra. I den gamle songen seier dei «Me er unge og fri», medan dette no er endra til «Me er eitt og fri».
– Sjølv om Australia er eit moderne land som kanskje er relativt ungt, er historia til landet vårt eldgamalt, sa Morrison.
Invadert på 1700-talet
Det har budd menneske i Australia i over 60,000 år. Desse menneska er kjent som aboriginarane. Dei budde åleine i Australia i fleire titals tusen år, før europerane kom heilt på slutten av 1700-talet.
Storbritannia tok kontroll over landet, og gjorde det til ein koloni. Ein koloni er når eit land er styrt av eit anna land.
I 1931 vart Australia eit uavhengig land, og var derfor ikkje lenger ein koloni der Storbritannia bestemde over dei.