– Dyra merkar nok at det ikkje er publikum her, dei er jo så vant til at det er mykje som skjer rundt dei. Eg vil tru at dei saknar alle folka som er på besøk, og dei gler seg nok veldig til at det blir litt action og liv her igjen.
Det seier Håkon Teisnes Norstrand på Akvariet i Bergen.
Det siste året har vore rart for både dyr og menneske på akvariet. Det har gått frå å vere full rulle, til heilt stille, då koronaen gjorde at dei måtte stengja dørene.
– Då me var stengt under den første delen av korona-pandemien, vart me einige om at det hadde vore kjekt å framleis få visa fram dei flotte dyra som lever på akvariet. Derfor bestemte me oss for å starta med livestrøyming på Facebook, seier han.
Her kan du sjå ein av livestrøymingane til Akvariet.
Og dette skulle vise seg å vera populært blant publikum. Håkon fortel at dei har hatt opp mot 1000 sjåarar live, men at det også er mange som ser opptaket i ettertid.
Mange spørsmål
Dei som jobbar på akvariet merka fort at dei fekk mange spørsmål dei normalt sett ikkje ville fått.
– Foreldra viser livestrøyminga til borna sine, og borna stiller spørsmål som me svarar på undervegs, seier han og fortsetter:
– Det er kanskje lettare å stilla spørsmål på Facebook, enn å gjera det når ein er på besøk. Mange er kanskje litt flaue for å gjere det då.
Har det bra
For dei som skulle vera bekymra, kan Håkon fortelja at det går fint med dyra sjølv om dei ikkje får så mykje besøk.
– No kan me som jobbar der bruka enno meir tid saman med dyra, og på oppgraderingar og ombygging av heimane deira. Når det er publikum til stades, er det meir utfordrande å få det til på ein effektiv måte. Men no går slike ting mykje raskare.