Det hastar om menneska skal greie å snu utviklinga, kjem det fram i ei rapport for WWF, som er ein global miljøorganisasjon.
Færre dyreartar
I undersøkinga vert det forklart at det dei siste femti åra har blitt 68 prosent mindre av dyreartane som lever på jorda.
Artane det har minska mest av er dei som me kallar virveldyr. Virveldyr er pattedyr, fuglar, amfibiar, reptilar og fiskar.
– Me mistar natur i eit tempo som ikkje har skjedd på millionar av år, seier Karoline Andaur i ei pressemelding.
Ho er generalsekretær i WWF Verdas naturfond.
Må gjera ein innsats
Undersøkinga seier at me er nøydd å gjera ein innsats for å unngå at dyreartane døyr.
Forskarar viser at det er mogleg å snu utviklinga. Greier me å kombinera å ta vare på jorda og endra matproduksjonen til menneska, vil det gi best resultat.
– Både vanlege menneske, næringslivet og politikarar må gjera seg klar for ei endring, seier Karoline Andaur til WWF.
Alle må bidra
Ho fortel at menneska må bli flinkare til å ikkje kasta så mykje mat. Me må også bli flinkare til å ete meir berekraftig mat.
Å vera berekraftig betyr at me må gjera ting på ein måte som gjer jorda til ein betre plass for alle som bur her no, utan å øydelegga for dei som kjem i framtida.
– Alle må bidra i denne jobben, og dei som er dei mektigaste menneska som må gjera mest, seier ho.
WWF seier at dette er grunnen til at fleire dyreartar står i fare for å døy ut:
- Øydelegging av områda dyra lever på. Eksempel på dette er hogst av skog eller bygging av for eksempel hus og andre bygg i områda der ville dyr bur.
- Forureining som mellom anna plast- og luftforurensing.
- Overhausting. Det betyr at det er for mykje fangst, jakt og fiske no.
- Framande artar. Desse artane flyttar seg til nye område ved hjelp av menneska.
- Klimaendringar.