Heile skulen jogga for SOS Barnebyer – samla inn så mykje pengar at rektor måtte farga håret blått

Elevane på Storebø skule samla inn 30.000 kroner til SOS Barnebyer.

FAKTA: SOS Barnebyer
  • SOS-barnebyer jobbar for å sikra retten til barn til vern og god omsorg.
  • SOS-barnebyers katastrofefond hjelper barn ramma av krig og katastrofar over heile verda og sikrar rask utrykking med livsnødvendig hjelp og oppretta tryggleikssoner for barn.
  • Er til stades i 136 land og kan derfor ofte svært raskt komma i gang med nødhjelpsarbeid når kriser hender.
  • FN reknar med at kring 260 millionar barn i verda ikkje får gå på skule på grunn av fattigdom og krig. 28 millionar barn er heimlause på grunn av krig og konfliktar.
LES FAKTALUKK FAKTA

– Eg sa at om elevane samla inn meir enn 20.000 kroner, så skulle eg farga håret mitt blått, seier Vibecke Storebø. Rektoren på Storebø skule i Austevoll hadde ikkje trudd at elevane skulle samla inn så mykje.

Men så klarte elevane å samla inn 30.000 kroner!

Flasker og sponsing

– Me arrangerte skulejoggen til inntekt for SOS Barnebyer og heimlause barn, fortel Anders Østervold (11). Nokre elevar samla flasker, andre fekk foreldre og andre til å sponsa joggeturen.

Ordførar Morten Storebø kom i ordførarkjedet sitt og starta skulejoggen i regnvêret.

Hjelper barn i katastrofar

Lerke Fagerbakke Skår (11) er glad for at skulen klarte å samla inn så mykje pengar.

– Pengane skal gå til barn i katastrofar og gi barn ein plass å bu og gi dei høve til å gå på skulen, fortel ho.

Dei seinaste åra har katastrofefondet til SOS Barnebyer mellom:

  • hjelpt barn i Syria
  • dela ut mat og vatn til etiopiske barn
  • heim til jordskjelvramma barn i Nepal
  • hjelpa barn på flukt i Hellas og tørkerammede i austlege Afrika
  • i år har fondet bidratt inn etter eksplosjonen i Beirut, finansiert arbeid etter konsekvensane til koronapandemien og no sist i samband med at flytkningleiren i Moria i Hellas brente ned.
– No føler eg meg litt kul! seier rektor Vibecke Storebø saman med elevane i 6.klasse ved Storebø skule på Austevoll. Foto: Svein Olav B. Langåker

– Barn og unge kan gjera ein forskjell

Rikke Soligard i SOS Barnebyer seier at barn og unge som engasjerer seg verkeleg kan gjera ein forskjell. Ho håpar alle elevane kjenner på det. I fjor var kring 1000 skular som engasjerte seg for SOS Barnebyer.

– SOS-barnebyer er utruleg glade for å ha med oss Storebø skule på laget, for med deira viktige innsats og engasjement når me endå fleire av dei barna som treng det som mest.