Ni av ti støttar bistand til fattige land

Ei ny undersøking viser at det sjølv under koronapandemien er svært mange nordmenn som synest at det er bra at Noreg hjelper dei fattigaste landa i verda.

“Å yte bistand” betyr at politikarane i Noreg jobbar for å redusera fattigdommen i verda. Hjelpa kan komma i form av naudhjelp i ei humanitær krise, eller ved å skapa langsiktig økonomisk og sosial utvikling.

Ni av ti av dei som har svara på SSB si undersøking om norsk hjelp til dei fattigaste, meiner det er rett at Noreg hjelper til i Asia, Afrika og Latin-Amerika. To av fem meiner at det Noreg gjer gir ganske gode eller svært gode resultat.

– Tala viser tydeleg at nordmenn ønskjer å bidra til å redusera fattigdommen i verda. Dei ser verdien av å bidra til at barn får utdanning, ungdom yrkestrening, familiar tilgang til mat og bønder hjelp til å tilpassa landbruket til eit nytt klima. Dei ser at norsk bistand nyttar. Kort og godt er dette eit godkjentstempel på norsk bistand, seier utviklingsminister Dag-Inge Ulstein (KrF) til NTB.

SSB-undersøkinga har vorte gjennomført på bestilling av Norad kvart fjerde år sidan 1972.

Det var NTB som fyrst omtala saka.