Slik brukar du munnbind

Nanna (12) har tøy-munnbind, Johanna (12) har til éingongsbruk. Slik skal dei brukast.

I Oslo vart det tysdag innført påbod om å bruke munnbind når det ikkje er mogleg å halde éin meter avstand på kollektivtransport. Smittetala stig i hovudstaden, dei siste to vekene er det registrert 619 personar med koronavirus.

Påbodet om munnbind gjeld ikkje dei under ungdomsskulealder, men Johanna Bjørge Nerheim (12) og Nanna Nielsen (12) hadde likevel tatt ansvar ved å bruke munnbind på toget inn til Oslo tysdag morgon.

Det er kirurgiske éingongs-munnbind som har den beste effekten. I videoen på toppen av saka viser Johanna korleis det skal brukast.

Tøymunnbind

Sjølv om medisinske munnbind er tilrådde, kan tøymunnbind også vere nyttige, til dømes på kortare buss- eller T-baneturar. Dette er munnbind i stoff, som kan brukast på nytt. Det er viktig å oppbevare munnbindet i ein tett pose etter at ein har tatt det av, og vaske det før ny bruk.

Her viser Nanna korleis tøymunnbinda skal brukast: