No har forskarar i Danmark og USA sjekka ut om skrekkfilm-interesse kan gjere ein mindre stressa i ein koronapandemi. Dei har spurt 310 personar om deira film- og medievanar og korleis dei har takla pandemi-tida, skriv Framtida.
Spørsmåla gjekk på kva filmar og seriar dei likar, om dei har sett filmar om pandemiar – og så spørsmål om den mentale helsa, som om dei «har vore meir deprimert enn vanleg» og «føler positivt om framtida», i den tidlege fasen av koronakrisa.
Aliens og zombiar
Studien viste at fans av skrekkfilmar viser sterkare motstandsdyktigheit under pandemien. Dei meiner at det å oppleve skremmande kjensler i eit trygt miljø, som til dømes å sjå ein skummel film heime, kan hjelpe folk til å takle frykt betre.