Har du sett dei raude T-ane til Den Norske Turistforening (DNT) når du er ute på tur?
For dei fleste er den raude T-en eit godt hjelpemiddel, men mange som er fargeblinde eller fargesvake ser ikkje fargen, skriv NRK.
Ifølgje Norges Blindeforbund er det meir enn 100.000 her i landet som er fargesvake.
Terje André Olsen, forbundsleiar i Norges Blindeforbund, ønskjer at DNT og Blindeforbundet skal snakke saman om fargen.
– Vi er ikkje sikre på kva farge som er best, men at T-en er synleg er viktig, så det hadde vore ein fordel å teste ut andre fargar, seier Terje André til NRK.
Ønskjer seg gul farge
Sigrun Arnardottir Storaker er dagleg leiar i Norges Blindeforbund Vest- Agder.
Ho ønskjer seg gule T-ar eller gult rundt den raude T-en som er lettare å sjå for fargesvake.
– Det er ikkje for ingenting at vi har gått frå kvitt til gult i trafikken for eksempel. Viss vi hadde nytta oss av signalgult og gjerne litt større bokstavar hadde det vore fint, seier ho.
DNT er kjent med at mange slit med å sjå dei raude T-ane. Anne-Mari Planke, fagsjef for friluftsliv, seier til NRK at det er viktig at alle kjenner seg trygge i fjellet. Ho seier at dei skal sjå på saka.