Berre fire mobbarar er tvangsflytta – og det finst ikkje tal på mobbeoffer som flyttar

Fire elevar er flytta mot deira vilje det siste året. Samstundes tel ikkje myndigheitene kor mange mobbeoffer som vel å flytte. No vurderer kunnskapsminister Guri Melby ei kartlegging.

– Det er eit ganske lågt tal. Det er også eit ganske inngripande verkemiddel å flytte elevar mot deira vilje, seier kunnskapsministeren til NRK.

Melby har lova at mobbeoffer skal sleppe å byte skule for å komme vekk frå mobbing.

Det står i mobbelova som kom 1. august i 2017.

Det finst ingen tal på kor mange som vel å flytte fordi dei blir mobba. Kunnskapsministeren skal no vurdere om det bør bli registrert om mobbing er årsaka når ein elev vel å byte skule.