Fleire lagrar vatn, mat og batteri

Folk er betre førebudd på krisar i dag enn før koronaepidemien. Ei fersk undersøking viser at nesten ein av tre no lagrar vatn heime.

I tilfelle det skulle bli ei krise i landet har Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap laga ei liste over kva nordmenn bør ha tilgang til. Dette er meint som ei liste ein kan ha dersom det skulle bli flaum eller andre ting som gjer at du og familien blir isolert.

– Koronakrisa har vist oss at det vi ikkje trudde kunne skje, faktisk kan skje, seier direktør i Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap (DSB), Elisabeth Aarsæther til NRK.

Ho trur at koronakrisa har gjort at fleire nordmenn no er førebudd om det skulle skje ei krise der vi må klare oss sjølv i nokre dagar.

Dette er, ifølgje Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap, det du kan ha i hus for å klara deg i tre døgn:

  • 9 liter vatn per person
  • To pakkar knekkebrød per person
  • Ein pakke havregryn per person
  • Tre boksar middagshermetikk eller tre posar tørrmat per person
  • Tre boksar pålegg med lang holdbarheit per person
  • Nokre posar tørka frukt eller nøtter, kjeks og sjokolade
  • Medisinar du er avhengig av
  • Ved-, gass- eller parafinovn til oppvarming
  • Grill eller kokeapparat som går pågass
  • Stearinlys, lommelykt med batteri, parafinlampe
  • Fyrstikker eller lighter
  • Varme klede, pledd og sovepose
  • Førstehjelpspakke
  • Batteridriven DAB-radio
  • Batteri, batteribank og mobilladar til bilen
  • Våtserviettar og desinfeksjonsmiddel
  • Tørke-/toalettpapir
  • Litt kontantar
  • Ekstra drivstoff og ved/parafin/gass/rødsprit til oppvarming og matlaging
  • Jod-tablettar for gravide, ammande og barn under 18 år (til bruk ved atomhendingar)

Kjelde: Brosjyren “Du er ein del av Norges beredskap”, distribuert av Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB).