Difor helsar vi på kvarandre på fjelltur

Kvifor helsar vi på folk når vi går i fjellet, men sjeldan i nærmiljøet?

– Det er vanskeleg å svare på kvifor vi seier hei, men eg trur det kjem frå bondekulturen. Når ein er få folk på eit stort område helsar ein, seier Klara Sjo til NRK.

Ifølge forsking Klara Sjo gjorde for nokon år sidan verka det som det var vanleg å helse på kvarandre i fjellet allereie i etterkrigstida, men ho utelukkar ikkje at tradisjonen starta lenge før det og.

Noko til felles

Klara meiner nordmenn er veldig avhengig av å ha ein god grunn, noko til felles, for å snakke til folk ein ikkje kjenner. Når ein møter nokre få andre på ein fjelltur er ein ute i same ærend og anerkjenner kvarandre.

– Det funkar likt når ein står på busstoppet i regnet. Ein kan klage på regnet og spørje når bussen kjem. Det er jo derfor folk med hund også snakkar med kvarandre. Vi må ha ei unnskyldning, seier Klara.