Stadig fleire nordmenn bur i tettstadar

82 prosent av det norske folk bur no i tettstadar. Men kva er ein tettstad?

I 2017 auka talet på busette i tettstadar med 44.800 folk. No bur heile 4.228.000 nordmenn i tettbygde strøk, viser nye tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

Desse folka er fordelt på 994 tettstadar i heile landet, skriv Forskning.no.

Men kva er ein tettstad?

Statistisk sentralbyrå skildrar ein tettstad som ei samling hus der det bur minst 200 personar. Det vil seie rundt 60-70 bustadhus, og der avstanden mellom husa normalt ikkje er meir enn 50 meter.

Men vil dette ende med at alle bur i ein tettstad til slutt?

– Nei, det vil aldri skje. Det kjem alltid til å vera nokon som av ulike grunnar vil eller må bu på plassar der det er langt mellom naboane, seier seniorrådgivar Even Høydahl i SSB.

Kvar bur du?

Kvar bur du?

I ein by16
I ei bygd27
I ein tettstad11
Svar totalt: 54