Motstandssymbol under krigen

Under krigen var det mange nordmenn som brukte ulike ting for å symbolisere motstand mot tyskarane. I dag er det 75 år sidan Noreg blei eit fritt land.

Blant desse symbola blei binders, kam, nissehue og flagg brukt.

Ein binders i jakkeslaget fortalde omverda at «vi held saman».

Den raude nissehua blei også nytta som motstandssymbol og protest mot den tyske okkupasjonsmakta.

Ein kam i jakkelomma kunne fortelje at «vi greier oss sjølve».

Det norske flagget var eit viktig motstandssymbol, og det same var monogrammet til kongen: ein H med eit sjutal i. Det stod for kong Haakon den sjuande som var Noregs konge. Kong Haakon er bestefaren til kong Harald.

Ordforklaring

Okkupasjonsmakt – betyr når eit land tek over makta i eit land. Under andre verdskrigen tok Tyskland over makta i Noreg.