Koronaviruset er ei viktig og ein litt skummel sak. Folk kan lese på nett om koronaviruset og kva dei kan gjere for å hindre spreiing og smitte.
Det er litt skummelt fordi det er folk som kan dø av det, men som regel er det eldre folk som er i risikosona som dør. Så det er viktig at alle bryr seg og held litt avstand og tenker på dei eldre som har sjukdomar frå før av og er i risikosona og kan dø av dette!
For ei stund tilbake blei koronaviruset oppdaga i Kina i byen Wuhan. Etter kvart spreidde det seg til andre land i bl.a Europa. I Europa er Italia eitt av dei hardast råka landa.
Etter kvart kom dette viruset til Noreg. Og torsdag 12. mars blei alle skulane i heile landert i første omgang stengt i 2 veker, før det blei utvida. Men kor lenge er det ingen som veit.
Når det kjem til heimeskule funkar det veldig bra for meg, men det er sjølvsagt kjipt å ikkje kunne vere med vennane sine på skulen og på fritidsaktivitetar. Berre på FaceTime eller chat. Men det er viktig å tenke på dei som er eldre og er i risikosona. Så vi må hjelpe til med å hindre spreiing.
Det som burde gjerast av alle er å høyre på kva helsemyndigheita seier og gjere som dei seier, og viss du er i karantene så er du i karantene, då kan du ikkje gå ut av huset eller “berre gå på butikken”. I karantene skal du vere heime. Hvis du er i karantene og held deg heime så hjelper du faktisk å hindre smitta.