Meiningsinnlegg: Vi bruker opp all fritida vår på lekser

Lydia Kristine Leine Sundnes (10) har ei høne å plukke med statsministeren. Ho skulle ønska at det var meir tid til å driva med fritidsaktiviteter.

Kjære Jonas Gahr Støre.

No når du har blitt statsminister må du hjelpe med noko. Eg synst at det er urettferdig at vi må gjere lekser. Vi må bruke opp all fritida vår på lekser.

Når eg kjem heim så seier mamma eller pappa: «No må du begynne med lekser».

Då tenker eg: «Å no er det meir skule og eg vil heller vere med venner og fare på fritidsaktivitetar.»

Eg går på tre ting, og det er kroppskontroll, handball og piano. Det er artig å gå på det, men når eg kjem heim så må eg gjere lekser, men eg vil heller vere med venner og vere ute i friluft.

Viss du ikkje veit kva kroppskontroll er, så kan eg forklare det. Det er at vi blir sterkare i musklane og i skjelettet. Vi dansar og turnar.

Handball er også gøy, men det verste er lekser. Akkurat no så sit eg og bruker opp all fritida på lekser.