Oppgåver til artiklar om identitet

Her er oppgåver knytta til artiklane om identitet. Tema er samfunnsfag og tek for seg identitet.

Samfunnskunnskap

Mål for opplæringen er at eleven skal kunne:

  • gje døme på ulike kulturelle symbol og gjere greie for kva vi meiner med omgrepa identitet og kultur

DEL 1 – ARV OG MILJØ

Les artikkelen: DEL 1: Alle menneske har sin eigen dentitet

Oppgåver

1) Arv

a) Arven du har frå din familie er viktig for din identitet. Kva er typisk for din familie?

b) Kva skiljer deg frå din familie?

2) Miljø

a) Miljøet, der du veks opp er med på å forme deg. Kva er typisk for ditt miljø?

b) Kvifor er miljøet rundt deg viktig for at du skal utvikle deg, og bli sikker på din identitet?

DEL 2 – KULTUR OG SPRÅK

Les artikkelen: DEL 2: Kultur og språk skapar identitet

Oppgåver

1) Kultur

a) Kva er typisk norsk for deg? Lista i artikkelen er kanskje gamalmodig og feil ut frå ditt liv. Lag ei liste over ting som speglar din identitet og kultur.

b) Kva tradisjonar frå andre kulturar kjenner du til?

c) Kva utanlandske tradisjonar har blitt meir vanlege i Noreg?

2) Språk

a) Dialekter er viktig for identiteten. Skriv ned typiske dialektord frå din heimplass.

b) Kjenner du til andre dialekter? Lag ei liste med dialektord frå andre dialekter i Noreg.

Ekstra

Skriv ein tekst om din identitet – kva er viktig for at du er akkurat som du er?

Nøkkelord du kan bruke i teksten:

  • Arv
  • Miljø
  • Identitet
  • Seksualitet
  • Språk
  • Dialekt
  • Venner
  • Fritidsaktiviteter
  • Foreldre
  • Kultur