Organisasjonen «In the same boat» har spesialisert seg på rydding i strandsona og består av personar som har fått profesjonell opplæring i strandrydding og tryggleik til sjøs.
Etter ein vinter med mykje vêr og kraftig vind, ligg det no tett med søppel langs strendene. Men på grunn av koronakrisa har årets strandryddeaksjonar blitt utsett eller avlyst dei fleste plassar.
– I fjor rydda vi 220 tonn. Målet i år er at vi skal klara 1000 tonn, seier Rolf-Ørjan Høgset. Han leier foreininga som no går inn i sin fjerde sesong.
Mange vil hjelpe
Etter at dei strenge koronatiltaka førte til stenging av skular og universitet, har foreininga fått svært mange søknadar frå studentar som ønskjer å bruke ledig tid på strandrydding.
Leiar i Natur og Ungdom, Therese Hugstmyr Woie, er glad for å høyre at så mange ønskjer å bidra til å gjere strendene reine.
– Eg tenkjer det er veldig bra at det er dette dei vil bruke tida på. Vi oppfordrar i tillegg alle til å rydde litt på eige hand, seier Woie.