– Viss ditt bibliotek er med i ordninga treng du berre internett og lånekort. Så kan du låne filmen i 48 timar, seier Anders Koppang-Grønn, daglig leder Norgesfilm til NRK.
Den nye tenesta blir lansert i april.
Anders jobbar i eit selskap i Kristiansand som har laga strøymetenesta Filmoteket. Den tilbyr om lag 200 filmar når den opnar neste månad, og målet er å utvide til rundt 1000 filmar innan år 2020 er over.
Det fungerer som andre strøymetenester. Du logger deg med PC, Mac, nettbrett eller smarttelefon. Vil du sjå filmen på TV-skjerm, kan du bruke Chromecast eller AirPlay for å overføre.
Fleire og fleire
Foreløpig har Deichman i Oslo, biblioteket for nye stor-Stavanger, samt Lindesnes bibliotek, med filialer i Mandal og Øyslebø, signert avtale om å starte med filmutlån. Flere byer kjem truleg etter.