Karantenetips: Dans limbo

Dans limbo! Alt du treng er ein langkost og god dansemusikk!

Fakta: Kva er karantene?
  • Dei som er i karantene kan framleis gå ut av huset, dei skal berre ikkje gå på skulen jobb eller andre stader der det er samlingar av folk.
  • Karantene er ikkje det same som isolering. Heimeisolering skjer når ein mistenkjer smitte av viruset, eller at ein har tatt ein test som viser at ein er smitta. Då kan ein ikkje gå ut av huset

(Kjelde: Folkehelseinstituttet)

LES FAKTALUKK FAKTA

Slik gjer du:

  • To personar held stanga, medan den tredje prøver å komme seg under.
  • Den beste teknikken er bakoverlent med brei beinstilling.
  • Stokken blir senka lågare og lågare for kvar runde, og kjem du borti eller ramlar på rygg, er du ute av dansen.
  • Sett gjerne på fengande rytmar i YouTube-videoen over og dans i veg.