Karantenetips: Lag kjemikaliefritt slim

Har du lyst å lage slim, men kanskje du synest det er litt skummelt med kjemikaliane i vanleg slim? Då har vi ei oppskrift til deg!

Dette treng du:

  • 1 desiliter potetmjøl
  • 1 spiseskei matolje
  • 3 desiliter vatn
  • Konditorfarge (valfritt).

Slik gjer du (be gjerne ein vaksen om hjelp):

  • Tøm vatn i gryta.
  • Bland inn potetmjøl og matolje.
  • Sett på middels høg varme på komfyren.
  • I starten kan det vera vanskeleg å røre, men så blir det enklare.
  • Når det blir enklare å røre, tek du i konditorfarge.
  • Så blandar du alt saman. Det byrjer å danne seg små klumpar, men du må berre halde fram med å røre.
  • Til slutt blir røra ein klump. Den skal vera litt fast.
  • Skru av varmen.
  • La slimet kjøle seg ned.

TIPS: Viss du vil at slimet ikkje skal vera klissete må du la det ligge i 3-4 timar. Du kan også setje det i kjøleskapet i ein halvtimes tid.