– Det gjorde nesten ikkje vondt!

Ida Amanda (12) og Julie (12) er glade for at dei får HPV-vaksina. – Då slepp vi å få livmorhalskreft, seier dei.

Tidslinje over nokre viktige vaksinar

1796 – Vaksine mot koppar
1879 – Vaksine mot kolera
1882 – Vaksine mot rabies
1926 – Vaksine mot kikhoste
1927 – Vaksine mot tuberkulose
1937 – Vaksine mot tyfus
1945 – Vaksine mot influensa
1952 – Vaksine mot poliomyelitt
1964 – Vaksine mot meslingar
1967 – Vaksine mot kusma
1970 – Vaksine mot raude hundar
1974 – Vaksine mot vannkoppar
1977 – Vaksine mot lungebetennelse
1978 – Vaksine mot hjernehinnebetennelse
1992 – Vaksine mot hepatitt A
1998 – Vaksine mot Lymes sjukdom
2006 – Vaksine mot Humant papillomavirus

Kjelder: Forskning.no, Folkehelseinstituttet, wikipedia.org

LES FAKTALUKK FAKTA

Snart skal dei få vaksina mot HPV, eller humantpapilloma virus. Eit virus som kan føra til livmorhalskreft.
– Eg er litt redd for sprøyter, så det skal bli greit å bli ferdig med det, sukkar Julie.
Inne hos helsesøstrene Målfrid Gunvordal og Kristine Remme går det raskt unna. Julie og Ida Amanda får kvar si sprøyte i overarmen på likt.
Den vesle grimasen i Julies ansikt er borte etter eit par sekund.
– Det gjorde nesten ikkje vondt. Eg trudde det skulle vera mykje verre, smiler ho.
Etterpå slappar jentene av på venterommet med kvar sitt glas saft og kjeks.
– Det er godt å vera ferdig, seier Julie.