Dei fleste høyrer forskjell på “Bæ bæ, lille lam” og “Ja, vi elsker”. Men ikkje alle klarar å synge desse songene, skriv Ung.Forskning.no. Sjølv om dei kan melodien til “Bæ bæ, lille lam”, kjem feil tonar ut av munnen.
– Folk som syng falskt, høyrer det ofte sjølv. Problemet er at dei ikkje høyrer det før dei allereie har sunge feil tone.
Det seier Geir Olve Skeie til Ung.forskning.no. Han er hjerneforskar og lege.
Skeie har skrive bok om hjernen og kva som skjer i hjernen når vi høyrer på musikk.
Når vi syng, brukar vi to område i hjernen som jobbar med språk. Mellom desse to områda er det ein kopling.
– Viss signala går for tregt i denne koplinga, rekk ein ikkje å sensurere seg sjølv fort nok til å synge reint, seier Skeie.
Men du kan lære å synge reinare viss du øver på det, fortel han.