Folk som bruker smarttelefon har fleire uhell i trafikken

Det er ikkje så smart å bruke smarttelefon når du beveger deg i trafikken.

Eit problem med smarttelefonar er at folk held på med mobilen når dei burde konsentrere seg om andre ting, skriv Ung.Forskning.no.

Folk krasjer inn i gateskilt og snublar i fortauskantar. Ei tidlegare undersøking viste at det var ti gongar fleire slike uhell i 2010, samanlikna med i 2004. Folk hadde nemleg fått seg smarttelefonar i 2010.

Forska på smarttelefonar

Forskaren Sarah Simmons frå Canada og hennar kollegaer har undersøkt kor farleg det er med smarttelefonar i trafikken.

Dei samla inn resultat frå over 20 ulike undersøkingar.

Til saman viste resultata at menneske som teksta eller surfa på nett medan dei gjekk, oftare gløymte å sjå til begge sider før dei kryssa vegen.

Konklusjonen til forskarane var at folk som snakka i telefon, surfa eller teksta var oftare nær ved å bli påkøyrd.