Kan bli nye reglar for elsparkesyklar til hausten

Samferdselsminister Knut Arild Hareide (KrF) seier at det kan koma nye reglar for elsparkesyklar i haust.

Dette er reglane i dag:
  • Det er dei same reglane for små elektriske framkomstmiddel som sparkesykkel, hoverboard og segway som sykkel.
  • Det er lov å køyra på fortau og gangveg, men du må ta hensyn til dei som går og avpassa farten etter dei som går.
  • Til liks med syklande, har brukarar av små elektriske køyretøy vikeplikt for bilar i fotgjengarfelt. Viss du går av og leier sykkelen, så gjeld reglane som for gåande. Då er det bilane som har vikeplikt for deg.
LES FAKTALUKK FAKTA

I fleire av dei store byane i Noreg er det elsparkesyklar til leige fleire stader. Den store bruken av elsparkesyklar har ført til fleire ulukker. I løpet av fire månader i Oslo i fjor blei det meldt om 337 skadde personar etter ulukker med elsparkesyklar.

Dei mange elsparkesyklane har også ført til at fleire fortau er fulle av elsparkesyklar.

Oslo har no byrja å samla inn feilparkerte elsparkesyklar, og seier dei vil krevja gebyr etter kvart.

Les meir om saka på Framtida.no!

Er det blitt for mange elsparkesyklar?

Er det blitt for mange elsparkesyklar?

Ja47
Nei67
Veit ikkje9
Svar totalt: 123