Fakta om tiltak som aukar trafikktryggleiken:
- Bruk av bilbelte. Små barn i bilsete skal ikkje sitje vende framover.
- Truleg ville 30–40 færre vorte drepne i trafikken kvart år viss alle brukte bilbelte – alltid, både i bil og buss.
- Hjelm når ein syklar eller køyrer moped eller motorsykkel.
- Farten må avpassast etter evnene og forholda.
- Bruk av refleks i mørket.
- Del vegen – vis omsyn!
Kjelde: Skadeforebyggende forum
LES FAKTALUKK FAKTA
Det er seks gonger større risiko for å døy i trafikken i Argentina enn i Noreg, ifølgje ein rapport frå OECD. OECD er ein organisasjon for økonomisk samarbeid og utvikling mellom industriland.
Men talet på dødsulykker med syklistar har auka i Noreg dei siste åra, skriv Munin.buzz.
Kvart år døyr rundt 1,3 millionar menneske på verdensbasis på grunn av trafikkulykker.
Saka var fyrst omtala av nettavisa Forbes.