Først blei det sett ny varmerekord på Åndalsnes i Møre og Romsdal med 18,6 varmegrader. No slår Sunndalsøra i same fylket denne rekorden med 19 grader, skriv NRK.
Førre rekord på 17,9 grader blei målt i Tafjord i 1989.
– Det er morosamt å sette varmerekordar, men det er med ein viss bismak når vi ser korleis heile klimaet er i endring, seier ordførar i Sunndal, Ståle Refstie (Ap) til NRK.