Fakta om tomat:
- Tomata kjem opprinneleg frå Sør-Amerika. Derifrå vart den importert til Mexico, og på 1500-talet kom den til Europa saman med mange andre planter som mais, potet og tobakk.
- Tomat er eit bær som i dag er spreidd over heile verda. Sjølv om tomat ofte blir oppfatta som ein grønsak, er det altså ikkje det. Botanisk sett er tomat ei frukt med eit stort og saftig bær.
(Kjelde: Wikipedia)
LES FAKTALUKK FAKTA
No er det tid for å plukke ut frø frå tomater, seier Ida Kleppe.
Ho er bybonde i Bergen, og fortel at haust og vinter er ei god tid for å samle frø til våren.
– Det er viktig at frøa blir oppbevart tørt, så det kan vera lurt å leggje dei i eit kaffifilter, ein konvolutt eller ein papirpose. Det tek bort fukt.
Frå 1. februar kan du plante frøa i potter i karmen på vindauga.
– Det er viktig at desse får stå inne i ein lun og fin karm, seier Ida.
Slik gjer du viss du skal samle frø frå ei tomat:
- Ta ei godt moden tomat. Gjerne overmoden. Då er frøa ferdig utvikla. Vel helst små tomater, slik at dei ikkje blir så store at stilken brekk.
- Del tomata i to.
- Pirk ut frøa med ei skei.
- Få med litt av safta.
- Legg alt i ein boks med lokk.
- Hell på litt vatn.
- La det stå i romtemperatur i 3-4 dagar til det byrjar å gjæra. Då blir du kvitt eit stoff som finst i geleen som er rundt tomatene.
- Når frøa er ferdig gjæra, kan du riste på boksen og så opne den og helle litt meir vatn i.
- La frøa synke til botnen av boksen, og ta vekk dei frøa som flyt. Dei er ikkje noko å samle på.
- Hell over i ein tesil og skyll av.
- Tørk frøa på eit matpapir i ein dag eller to.
- Legg frøa til oppbevaring i til dømes eit kaffifilter på ein mørk, tørr stad.
Kjelde: Spirea