Noreg har den tryggaste trafikken i verda

Noreg er det landet i verda som har færrast dødsfall i trafikken per 100.000 innbyggjarar, ifølgje OECD.

Fakta om tiltak som aukar trafikktryggleiken:
  • Bruk av bilbelte. Små barn i bilsete skal ikkje sitje vende framover.
  • Truleg ville 30–40 færre vorte drepne i trafikken kvart år viss alle brukte bilbelte – alltid, både i bil og buss.
  • Hjelm når ein syklar eller køyrer moped eller motorsykkel.
  • Farten må avpassast etter evnene og forholda.
  • Bruk av refleks i mørket.
  • Del vegen – vis omsyn!

Kjelde: Skadeforebyggende forum

 

LES FAKTALUKK FAKTA

Det er seks gonger større risiko for å døy i trafikken i Argentina enn i Noreg, ifølgje ein rapport frå OECD. OECD er ein organisasjon for økonomisk samarbeid og utvikling mellom industriland.

Men talet på dødsulykker med syklistar har auka i Noreg dei siste åra, skriv Munin.buzz.

Kvart år døyr rundt 1,3 millionar menneske på verdensbasis på grunn av trafikkulykker.

Saka var fyrst omtala av nettavisa Forbes.

Send inn!

Please enter your comment!
Please enter your name here