Det er Natur og Ungdom og Greenpeace som saksøker staten.
Dei meiner at Noreg gjer altfor lite, slik at klimaendringane kjem til å øydelegge for dei som veks opp. Då tenkjer Natur og Ungdom mellom anna på oljeboringa utanfor norskekysten.
Dei tek med seg Den norske stat i Lagmannsretten. Lagmannsrett er ein domstol.
Domstolshierarkiet i Noreg er slik – enkelt forklart:
- Først kjem saka opp i Tingretten.
- Blir ein ikkje einig kan saka gå til Lagmannsretten.
- Blir ein ikkje einige i Lagmannsretten kan saka bli tatt vidare til Høgsterett, som er så langt ei sak kan gå.
Har saksøkt staten tidlegare
Den norske stat blei saksøkt av Natur og Ungdom tidlegare i Tingretten. Natur og Ungdom tapte, men anka saka.
Å anke betyr at dei ikkje godtek dommen, og vil ta saka vidare.
Derfor kjem saka på nytt opp i Lagmannsretten.