Lego-ninja på forskningtur til Grønland

Finn (7) og Nils (4) lurte på kva mammaen deira skulle gjere på Grønland. Difor laga klimaforskar Petra Langebroek (38) ei bilet-historie med legokarakterar frå NinjaGo.

EastGrip

EastGrip er eit forskningsprosjekt som skal hente ut iskjerner frå isstraumen ved nordaustlege Grønland. Dei hentar ny kunnskap om korleis istraumane oppførar seg og korleis det påverkar havnivået. Dei får også ei forståing på korleis klimaet har vore tidlegare.

Grønnland er verdas største øy. Geografisk høyrer ho til Nord-Amerika, men politisk til Europa.

LES FAKTALUKK FAKTA

I sommar var Petra Langebroek (38) ein heil månad på Grønland for å forske på kvifor isstraumane der bevegar seg så fort. Ein ninja og ein forskar viste fram heile basen der Petra skulle bu, og kva ho skulle gjere på.

Til vanleg jobbar Petra på eit kontor i Bergen, og brukar mest pc. På Grønland fekk ho vere med å bore fram iskjernar som er tusenvis av år gamle.

– Det var veldig spesielt å halde dei i hendene sjølv, seier forskaren.

(Nedst i saka kan du sjå video av EastGrips-basen).

Isbjørnbesøk

Petra hadde aldri vore på Grønland, før ho kom til EastGRIP-basen. Det var veldig annleis enn i Noreg:

– Det er så stort, vidt og flatt der. Vanlegvis når du går på fjelltur i Noreg, ser du andre fjell rundt deg. Slik er det ikkje på Grønland, det er kvitt av snø overalt. 

På Grønland er det også isbjørn, difor er det viktig at forskarar som skal bu der får opplæring i kva dei skal gjere om ein isbjørn kjem på uventa besøk.

– På natta må vi alle vere i sengene våre, og vente i telta på at brøytebilen hentar oss, fortel Petra.

Samstundes er det alltid ein person som er utpeika som isbjørnvakt, og passar på om ein nærmar seg.

FORSKAR: Petra Langebroek er klimaforskar hjå forskingsinstituttet Norce og hjå Bjerknessenteret for klimaforsking. (Foto: Privat).

Kalde dobesøk

Kva sakna du mest når du var på Grønland?

– Familien, sjølvsagt, seier Petra, men legg til at ho sakna ein varm do:

– Eg trudde det var kult å gå på do i eit telt, men etter nokre dagar er det ikkje så kjekt lenger.

Ho sakna også grønsaker. Om ein skal bu på Grønland, må ein ta med all maten ein skal ete på ein gong, og etter nokre veker er det ikkje mange ferske grønsaker att.

No er Petra komen heim frå Grønland:

– Det første eg gjorde var å ta ein veldig varm og lang dusj, fortel Petra.

– Eg trudde det var kult å gå på do i eit telt, men etter nokre dagar er det ikkje så kjekt lenger, seier Petra. (Foto: Privat).

Her kan du sjå film over basen som heiter EastGrip