Ballon d’Or, ofte omsett til Gullballen på norsk, blir rekna som den viktigaste prisen ein fotballspelar kan vinne, skriv Aftenposten. I desember i fjor vann Ada Hegerberg prisen. Det var fyrste gong ei kvinne fekk prisen, og det er difor Guinness rekordbok no skriv Hegerberg inn i rekordboka.
– Det er fyrste kvinnelege Ballon d’Or, og dette er eit stort steg for kvinnefotballen. Eg trur vi alle føler at dette er stort, sa Hegerberg under takketalen i desember.